Folkemusikkfestivalen i Førde i gang

Opningskonserten i Førdehuset torsdag kveld var som alltid eit mangfald av kulturelle uttrykk, musikk og dans frå alle kanter av verda. Med suggerande transemusikk og akrobatiske hopp opna marokanske Agadir Gnawa konserten i ein fullsett idrettshall.

I opningstalen la kulturminstreren vekt på at Førdefestivalen skaper større forståing og respekt for fleirkulturelt mangfald. Ho kalla festivalen eit nasjonalt kraftsentrum for formidling av etnisk kultur. Svarstad Haugland meinte vidare at med 70 programpostar på festivalen kjem deltakarane til å få fire travle dagar i Førde og at ho sjølv rekna med å reise herifrå rik på opplevingar.

Under den offisielle opninga deltok også fylkesordførar Nils R. Sandal, ordførar i Førde, Aud Viken, styreleiar Sigmund Eikås og dagleg leiar Hilde Bjørkum.

Alle verdsdelar er representerte på årets festival. Under opningskonserten fekk publikum oppleve tre av dei i vakkert samspel, ved unge folkemusikk-talent frå Sri Lanka, Kenya og Norge.

Gruppa Rèalejo frå Portugal spelte tradisjonsmusikk med keltiske islett og smektande song. Den lokale folkemusikken blei presentert av Bufaste Tonar frå Sogn og Fjordane, med kveding, hardingfele og trekkspel. Så gjekk den musikalske ferda til Peru og negra-musikk med særeigne instrument frå slavetida. Sigøynarmusikk frå Russland avslutta den første av ei lang rekkje arrangement som skal foregå på fleire ulike stader i Førde og nabobygdene frå 4.-7. juli.

Førde Internasjonale Folkemusikkfestival er Norges største fleirkulturelle musikkarrangement. 240 artistar frå 15 land og 5 kontinent er engasjert til årets festival. Festivalen byr på over 70 programpunkt dei 4 festivaldagane.