Uigurar i Noreg fortel om hendingar som skaper frykt og uro. Dei meiner det er Kina som påverkar deira norske kvardag. Kina avviser skuldingane.
Latest posts by Redaksjonen (see all)
- Sammen for Palestina - 21.11.2024
- Utrops utgave 45 – 2024 er ute nå! - 21.11.2024
- Forside av utgave 45-2024 - 21.11.2024
– Eg opplever stadig dataangrep. Ja, nesten kvar dag, eigentleg, fortel Muetter Iliqud.
«New Log Ins Detected» står det på mobilen hennar når ho bruker Telegram – ein applikasjon ho bruker for å sende meldingar.
Ho veit ikkje akkurat kven det er som forsøker å logge seg på, men ho kjenner seg sikker på at dei jobbar for den kinesiske stat.