- Familieinnvandring for dei rike? - 13.06.2024
- UDI og UNE skaper aleneforeldrefamilier - 25.03.2024
- Foreldre blir utvist, og barna deres blir ikke hørt - 25.02.2024
Skrevet av Solveig Brunvoll i Innvandringsgruppa i Jussbuss
I saker om familieinnvandring er det fleire vilkår som må vere oppfylt. Eit krav er at referansepersonen, altså personen i Noreg som vil ha familien sin hit, skal kunne forsørge den som kjem og ha ei inntekt på omlag 320 000 kr i året eller meir. Nokre grupper er unntatt frå underhaldskravet. Dette gjeld blant anna flyktningar i Noreg når ektefellen, sambuaren eller barna søker om eit opphaldsløyve i Noreg.
For at ein flyktning skal få unntak frå underhaldskravet er det 2 fristar som gjeld. Den eine er at ein må registrere søknaden om familieinnvandring innan 6 månader etter datoen for når referansepersonen fekk innvilga asyl i Noreg. Den andre fristen er at ein må levere søknaden og alle dokumenta på ein norsk ambassade, utanriksstasjonen eller konsulatet innan ett år etter referansepersonen fekk innvilga asyl. Dersom ein ikkje rekk å samle alle dokumenta, og sende ein fullstendig søknad før desse fristane, gjeld det opprinnelege kravet til inntekt. Særleg for dei klientane våre som er frå land utan ein norsk utanriksstasjon eller som har ein streng utreisekontroll, ser vi at desse krava ofte er svært vanskeleg å overhalde.
Inntektskravet er svært høgt
Jussbuss meiner at inntektskravet er svært høgt, og vår erfaring er at flyktningar treng tid og hjelp til å integrerast nok til å ta del av det norske arbeidslivet. I praksis betyr desse fristane og krava at flyktningar blir hindra frå å vere med familien sin i Noreg. Dette er fordi dei ikkje har klart å levere alle dokumenta innan den strenge fristen, og då det tek lang tid før dei tener nok til å oppfylle det originale inntektskravet.
Til slutt vil vi påpeike at dei høge søknadsgebyra i Noreg har blitt kritisert av FN sitt organ for flyktningar og flyktningkonvensjonen. FNs høgkommissær for flyktningar sa i 2019 at det er «uoverstigelige hindringer og barrierer som en flyktning møter i en søknadsprosess om familiegjenforening i Norge». Sidan den gong har både søknadsgebyra og inntektskravet stige, og andre reglar har òg blitt strengare. Dette er klart ei hindring for at flyktningar kan vere saman med familien sin. Vi i Jussbuss meiner at det strir med den europeiske menneskerettskonvensjonen artikkel 8, som vernar om retten ein har til eit familieliv. Både fristane for å få unntak frå underhaldskravet og søknadsgebyra må difor fjernast for denne gruppa.