Arbeidsgivarar kan søkje om arbeidsløyve på vegner av arbeidstakarar

Kommunaldepartementet har motteke ei rekkje spørsmål om endringane, derfor presisere departementet at:

*Vidare er framleis hovudregelen at første gongen det blir gitt arbeidsløyve, må det skje før innreise. Ein utlending som oppheld seg i Noreg, og som ønskjer å arbeide her, må først forlate landet uavhengig av om personen sjølv eller arbeidsgivaren søkjer om arbeidsløyve.

*Nokre grupper er likevel unnatekne frå vilkåret om at første gongs arbeidsløyve må vere gitt før innreise. Det gjeld blant andre spesialistar og sesongarbeidarar som ikkje oppheld seg i Noreg i samband med søknad om asyl. Dei kan opphalde seg i Noreg mens dei anten søkjer om arbeidsløyve sjølv eller arbeidsgivar søkjer på vegner av dei.

*Endringane i § 11 gjeld alle arbeidsgivarar som har forretningsstad i Noreg.

*Endringane gjeld òg alle typar arbeidsløyve som er knytte til konkrete arbeidsforhold.