Utgangspunktet er at alle som vil ha arbeids- eller opphaldsløyve i Noreg må søkje om dette frå heimlandet. Det er gjort unntak for nokre spesielle grupper, slik at desse kan søkje frå Noreg. Dette gjeld blant andre barn og adoptivbarn som har begge foreldra sine i Noreg.
Barn som berre har ein forelder i Noreg har ikkje rett til å søkje om familiesameining med mora eller faren frå Noreg. Dette gjeld sjølv om barnet er i landet på turistvisum. Regelen er at barnet må reise heim og søkje derfrå. Bakgrunnen for reglane i dag er at ein har sett det som naudsynt å klargjere kven som har foreldreretten, før barnet reiser inn i Noreg.
– Denne praksisen kan slå urimelig ut dersom barnet ikkje har andre omsorgspersonar i heimlandet, seier kommunalminister Erna Solberg.
Solberg vil på denne bakgrunn vurdere om regelverket bør endrast. Utlendingsdirektoratet og Utlendingsnemnda er instruert om ikkje å fatte vedtak i søknader frå særkullsbarn som søkjer familiesameining frå Noreg, inntil vidare. Politiet er instruert om ikkje å effektuere slike vedtak som allereie er fatta.
Barn som er i Noreg og som har fått avslag med grunngjeving at dei må søkje frå heimlandet, kan opphalde seg i landet inntil vidare. Solberg presiserer at det framleis vil kunne vere andre grunnar for å avslå ein søknad. Det er heller ikkje bestemt om utlendingsforskrifta skal endrast.