Politiets utlendingsenhet blir opprettet fra januar

Eininga vil få namnet ?Politiets utlendingsenhet? (PU), og vere verksam frå 01.01.2004. Dette vart vedteke i statsråd i dag.

Dei siste åra har talet på personar som søkjer asyl i Noreg auka kraftig. Dette stiller store krav til organiseringa av den totale utlendingsforvaltinga i Noreg, som politiet er ein del av. Oppgåver innan utlendingsfeltet krev stor ressursinnsats for politiet. No vert ei ny nasjonal eining oppretta for å styrke, effektivisere og samordne politiet sin innsats.

Arbeidet med registrering av asylsøkjarar og uttransportering vart tidlegare utførd av politidistrikta, utan ei sentral koordinering av aktivitetane. ? På grunn av auka arbeidsmengde er dette ikkje lenger føremålstenleg. Oppgåvene sitt omfang og kompleksitet stiller store krav til ein samordna, fleksibel og ressurseffektiv innsats, seier justisminister Odd Einar Dørum.

PU sine viktigaste oppgåver innan utlendingsforvaltinga er å registrere alle nye asylsøkjarar. I 2002 var talet 17.480 og t.o.m. oktober i år er 13.000 nye asylsøkjarar registrerte. Vidare skal den nye eininga slå fast asylsøkjarane sin identitet og opphavsland. Hittil i år har berre 6,5% av alle asylsøkjarane som kjem til Noreg hatt pass.

Uttransportering i politiet sin regi har passert talet på 6300 pr. i dag. I tillegg har eininga ansvar for uttransportering av utlendingar som ikkje har lovleg opphald i Noreg. Eininga skal også ha eit nasjonalt ansvar for samordning og støtte til andre politieiningar på utlendingsområdet. Politiets utlendingsenhet skal vere direkte underlagd Politidirektoratet.