Fleire skal få ein “ny sjanse”

— Regjeringa vil gi langtidsledige innvandrarar ein ny sjanse til å kome seg inn i arbeidslivet, seier kommunal- og regionalminister Erna Solberg. — Nykomne innvandrarar blir omfatta av introduksjonsordninga, som skal hjelpe dei med å kome seg i arbeid eller skaffe seg utdanning. Men innvandrarar som har budd lenge i Noreg, kan slite med økonomien og bli nøydde til å gå på sosialhjelp fordi dei ikkje får arbeid. Det er negativt både for den einskilde og for samfunnet.

— Dette har vi gjort noko med gjennom satsinga på ”Ny sjanse”, som starta i 2005, og som regjeringa føreslår skal førast vidare med dobla innsats i 2006, seier Solberg. ”Ny sjanse” er ein del av regjeringa sin tiltaksplan mot fattigdom.

Prosjekta i ”Ny sjanse”-satsinga skal leggje vekt på kvalifisering og formidling til ordinært arbeid. Prosjekt med fokus på kvinner og prosjekt der kommunen inngår forpliktande samarbeid med Aetat og trygdeetaten, vil bli prioriterte. Kvalifiseringsprogramma skal bruke same modellen som introduksjonsordninga for nykomne innvandrarar.

Midlane vil bli brukte til å vidareføre prosjekt som er sette i gang i 2005 i sju kommunar, og til nokre nye prosjekt. 1 million kroner skal brukast til å premiere kommunar der deltakarar i ”Ny sjanse” framleis er i arbeid etter ei tid.