Rasisme – Korleis angår det meg?

Thursday, 27 August 2020
Østsia
Universitetsveien 25, 4630 Kristiansand, Norway

Rasisme er på dagsorden. Korleis påverkar det eigentleg oss?

Sosiologforeininga i Agder inviterer til debatt for å ta eit nærmare blikk på temaet rasisme. Kva er det som gjer at rasisme rører seg i media i desse dagar, og korleis påverkar det verdsbiletet?

Med oss i debatten har vi fått med oss Sindre Bangstad, sosialantropolog ved KIFO, og forfatter av boka «Hva er rasisme?». Ronald Mayora Synnes er postdoktor ved UiA og Neda Blakstad, styremedlem i Kristiansand Arbeiderparti.

Vi ser fram til ein spennande kveld med gode diskusjonar. Hald av datoen, meir informasjon kjem!

(Arrangementet er åpent for alle sosiologiinteresserte.)