- Utrops utgave 48 – 2024 er ute nå! - 12.12.2024
- Forside av utgave 48-2024 - 12.12.2024
- Utrops utgave 47 – 2024 er ute nå! - 05.12.2024
Norsk litteratur og scenekunst må spegle samtida vår. Derfor inviterer Det Norske Samlaget og Det Norske Teatret til ein skrivekonkurranse i samband med Fossefestivalen 2021. Kunsten skal vere relevant for alle, uavhengig av kulturell bakgrunn. No ønskjer vi å ta nok eit skritt på vegen mot eit meir representativt teater- og litteratur-Noreg. Vi inviterer skrivande med minoritetsbakgrunn og/eller fleirkulturell bakgrunn til å delta med tekstar. Vi er på jakt etter historier, erfaringar og forteljingar som kan bli til bok eller framsyning på scenen. Tekstane kan ha barn, ungdom eller vaksne som målgruppe.
Teksten treng ikkje vere eit ferdig verk, men vi ønskjer at du leverer 20–30 sider med tekst, på nynorsk eller sosiolekt/dialekt.
Ein jury frå Samlaget og Det Norske Teatret vil lese og vurdere alle bidraga. Vinnaren blir honorert med 30 000,-. Er du forfattaren, får du sjansen til å vidareutvikle teksten mot bokutgiving eller teateroppsetjing i samarbeid med forlaget og/eller teateret.
Send ditt bidrag til forlagssjef i Samlaget, Håkon Kolmannskog, [email protected]
Ta gjerne kontakt med Kolmannskog om du har spørsmål eller lurer på noko i samband med konkurransen.
Frist for innlevering er 1. mai 2021.