Innleiarar: Christine M. Jacobsen, postdoc. ved Institutt for sosialantropologi, Universitetet i Oslo, Benita Roth, professor i sosiologi og kvinnestudier ved Binghampton University, New York, Sherene H. Razack er professor ved Department of Sociology and Equity Studies in Education, Universitetet i Toronto og Birte Siim, professor at Institute for History, International and Social Studies, Aalborg University. (Se nedanfor).
Minoritets- og majoritetsrelasjonar i eit fleirkulturelt samfunn er blant anna relatert til etnisitet, religion, landbakgrunn og urfolksgrupper. Konteksten vil ha tyding for på kva grunnlag gruppedanning skjer og kva konsekvensar det har. Målet for denne konferansen er å analysera og diskutera minoritetar og majoritetar i lys av kjønn og klasse. Fokuset vil bli retta mot både mot symbolske representasjonar, sosiale relasjonar og samfunnsstrukturar, samt korleis dette er relatert til kvarandre. Ulikskapsdimensjonar som etnisitet, religion og landbakgrunn kan vera grunnlag for diskriminering, mobilisering og forestillingar om ”oss” og ”dei andre”. Korleis blir minoritets- og majoritetsrelasjonar konstruerte innanfor institusjonar, organisasjonsliv, media og forsking?
Nettverket inivterer forskarar, studentar, aktivistar, institusjonar og frivillige organisasjonar til å delta på konferansen. Alle deltakarar er inviterte til å presentera munnlege framlegg i arbeidsgruppene på konferansen. Framlegget kan vera på skandinavisk eller engelsk, og eit kort samandrag må sendast innan tysdag 20. november.
Send samandrag per e-post eller post til Helga Eggebø, Senter for kvinne- og kjønnsforskning, Postboks 1040 Blindern, 0315 Oslo. helga.eggebo(at)skk.uio.no
Konferanseavgifta er på 300 kroner og inkluderer lunsj og middag. Påmelding og betaling (e-pay): https://www.uio.no/pay/shop.ordercreate.action?project=100922
Masterstudentar
FEMM-nettverket ønskjer at masterstudentar skal ha høve til å delta på konferansen. For studentar er konferanseavgifta på 150 kroner og det er sett av pengar til å søkja om reisedekning, for meir informasjon om reisedekning, ta kontakt med koordinator. Me vil arrangera ei eiga arbeidsgruppe for studentar, basert på framlegg frå deltakarane. Dei munnlege framlegga skal vera korte (10-15 minutt) og tanken er at ein kan presentera pågåande arbeid, til dømes masteroppgåva eller ein artikkel. Alle er velkomne til å presentera, same om ein har kome kort eller langt i arbeidsprosessen. Påmeldingsfrist og frist for innsending av skriftlege framlegg og påmelding er 20. november. Skulle du ha spørsmål relatert til konferansen, så ta gjerne kontakt med koordinator Helga Eggebø ([email protected]).
Hovudtema og problemstillingar for verkstader:
Medborgarskap. Medborgarskap kan tolkast i vid forstand, relatert til rettar, plikter, ressursar og deltaking. Korleis kan omgrepet medborgarskap analyserast og brukast i forsking og aktivisme? Korleis kan ein utvikla ei forståing av medborgarskap i ein fleirkulturell kontekst som tek høgde for dimensjonane kjønn og klasse? På kva måte blir personar og grupper ekskludert frå fullt medborgarskap? Korleis kan ein mobilisera for å sikra likeverdig medborgarskap for alle? På kva måte er medborgarskap knytt til religion og sekularisering?
Representasjonar og forestillingar. Korleis blir bileta av ”dei andre” konstruert innanfor forsking og media? Kva tyding har forståingar av kjønn og likestilling i representasjonar av minoritetar? Kva roller speler religion og sekularisering i forståingar av og forsking på minoritetar? Kva konsekvensar har stereotypiar og diskriminering for minoritetane og korleis reagerer ein på dette? Kva type privilegium er knytt til majoritetsposisjonen i ulike samanhengar?
Tematiske verkstader vil bli organisert på grunnlag av innsendte framlegg.
Blant hovudtalarane er:
Christine M. Jacobsen, ”Migrant Female Victimhood in Scandinavian Gender Constructions.” Jacobsen er postdoc. ved Institutt for sosialantropologi, Universitetet i Oslo. Jacobsen arbeider med prosjektet Prostitution, Gender and Migration. Prosjektet skal undersøkja grenseoverskridande prostitusjon. Det empiriske fokuset er på russiske kvinner som sel sex i Noreg, og målet er å undersøkja korleis kjønn samspeler med andre ulikskapsdimensjonar som klasse, etnisitet og nasjonal tilhøyrsle.
Sherene H. Razack: “In Bed with the Racists and the Neo-Cons: Contemporary Feminist Responses to Muslim Women.” Razack er professor ved Department of Sociology and Equity Studies in Education, Universitetet i Toronto. Hun har gjort omfattande akademisk arbeid på mellom anna rase, antirasisme og kjønn. For tida arbeider ho med prosjektet Race and Violence Against First Nations. Razack har motteke prisar for bøkene Dark Threats and White Knighs og Looking White People in the Eye. Ei ny bok, Casting Out: The Eviction of Muslims from Western Law and Politics. It includes case studies from Norway, Canada and U.S, vil vera ute for sal før konferansen.
Benita Roth: ”Multiple Roads to Feminism: Questions of Definition, Coalition, and Competition”. Roth er professor i sosiologi og kvinnestudier ved Binghampton University, New York. Professor Roth har studert kjønn, rase og klasse i sosial protest og mobilisering. Ho har mellom anna skrive boka Separate Roads to Feminism: Black, Chicana, and White Feminist Movements in America’s Second Wave, og arbeider for tida med to prosjekt relatert til sosial protest og mobilisering i eit historisk og eit samtidig perspektiv.
Birte Siim, professor at Institute for History, International and Social Studies, Aalborg University. Professor Siim is currently working on a project on globalization, migration and gender focusing on how the relationship between gender and ethnicity is formed by welfare, integration and equality policies and discourses.
Arrangørar:
FEMM-nettverket i samarbeid med Kulturell kompleksitet i det nye Norge (culcom) www.culcom.uio.no og Nordisk Institutt for kvinne- og kjønnsforskning (NIKK) www.nikk.uio.no.