- Utrops utgave 26 – 2019 ute nå! - 11.07.2019
- Ingen uavhengig jury bak prisutdelingen - 01.07.2019
- Rashidi skrev bok om anus - 31.05.2019
20 % av Israels befolkning er palestinarar. Likevel er Israel grunnlagt som ein jødisk stat. Korleis påverker dette deira situasjon som israelske statsborgarar? Kan Israel vera både ein jødisk stat og eit moderne demokrati?
Dette vil mellom anna ein representant for den israelske ambassaden, ein israelsk fredsaktivist og ein palestinsk menneskerettsadvokat vera med og diskutera. I tillegg har me invitert nokre av dei fremste norske midtøstenforskarane til konferansen.
– Me meiner det no er viktig å stilla spørsmålsteikn ved ideologiske grunnlaget for staten Israel. Dette er nesten fråverande i Midtøsten-debatten i Norge i dag, seier Margrete Slettebø, leiar i FuP.
– Me veit at palestinarar har problem med å kjøpa land i Israel, at dei har større problem med å komma inn på arbeidsmarknaden og at dei vert sett på som ein demografisk trussel. Mange uttaler at dei kjenner seg som annanrangsborgarar. Om ein ikkje handterer denne situasjonen er fred i Midtausten berre ein ynskjedraum, fortsett Slettebø.
Konferansen vert arrangert i samarbeid med LO.
Blant innleiarane finn ein:
Hussein Abu Hussein, palestinsk menneskerettighetsadvokat, og forfatter av boka ”Access Denied: Palestinian Access to Land in Israel”, busett i Israel.
Efrat Even-Tzur, israelsk fredsaktivist og aktiv i den israelske fredsorganisasjonen Zochrot.
Jihad Akel, palestiner og nestleiar i Yrkesseksjonen i den israelske fagorganisasjonen Histadrut.
Aviad Ivri, ambassaderåd ved den israelske ambassaden
Hanne Eggen Røislien, gjesteforsker ved PRIO
Dag Tuastad, forsker ved PRIO
Line Khateeb, skriver masteroppgave om palestinere i Israel og leiar i Palestinakomiteen. m. fl.
Mer info: www.palestina.no