Det første kullet blir uteksaminert våren 2015, og nye studentar startar studiet i august 2015. For å søke opptak må du ha familiebakgrunn utanfor Europa, og du må kunne bruke norsk i daglegtale.
Utdanninga er ei fullverdig skodespelarutdanning på lik linje med dei andre statlege teaterhøgskulane i Noreg og Norden og leier til ein bachelorgrad. Studentane vil ha status som studentar ved Høgskolen i Nord-Trøndelag med rett til lån og stipend frå Lånekassen. Dei som fullfører studiet, får tilbod om ein praksisperiode med løn på Det Norske Teatret.
Les mer på http://www.multinorske.no/
Har du nokre spørsmål, kontakt studieprodusent Roar Myrvang på [email protected] eller Tlf. 22 47 38 35 / 906 37 179.