Rappa velkomst for kronprins Haakon

Emir Mulaosanovic ynskte kronprins Haakon velkomen med å rappa ein song for han på Forskingstorget.
Foto: Yngve Vogt, Apollon, UiO

Fredag 22. september var det forskningsdager. Over 50 forskingsmiljø frå Oslo og Akershus har eigne utstillingstelt på Forskingstorget på Universitetsplassen

– Eg rappa ein song til han om ein som syng at han vil bruka vald, medan den andre syng tilbake at han ikkje vil ha noko å tena på det. Eigentleg er teksten ganske grov, men eg gjorde den litt meir passande for ein kongeleg person, seier Emir Mulaosmanovic til Uniforum. Han er vokalist i rappgruppa Minoritet1 som har medlemar med ulik etnisk bakgrunn.

Musikkforskarane Jan Sverre Knudsen og Stan Hawkins har forska på gruppa og meiner at Minoritet1 skapar musikk og tekstar som engasjerer. Når dei står på scena rappar dei på norsk om Oslo-kvardagen sin. Fredag formiddag stilte gruppa også opp på Paviljongen på Forskingstorget.