Sjekk dette før du støttar veldedige organisasjonar

Sjekk dette før du støttar veldedige og ideelle organisasjonar
Dei fleste veldedige og ideelle organisasjonar er ærlege og seriøse. Likevel har Forbrukarombodet den siste tida fått klager frå forbrukarar som kjenner seg lurte av enkelte organisasjonar. Forbrukarombodet har her nokre tips og råd om korleis du kan gå frem for å unngå å støtte organisasjonar som driv useriøst, og korleis du bør gå frem dersom du er lurt av ein organisasjon som driv med pengeinnsamling.
“Det er trist dersom enkelte aktørar opptrer useriøst og øydelegg givargleda til folk – og dermed og for dei organisasjonane som driv seriøst”, seier Forbrukarombod Bjørn Erik Thon.

Dette bør du sjekke:
Sjekk hos
Innsamlingskontrollen
Innsamlingskontrollen er ei stifting som skal sikre at innsamlingar gjerast på en trygg måte og at forvaltninga av midlane er forsvarleg. Innsamlingskontrollen har blant anna laga etiske reglar for innsamling som medlemmane deira plikter å følgje.
På Innsamlingskontrollen sine heimesider finn du ei liste over Innsamlingskontrollen sine medlemmer.
Sjekk i
Brønnøysundregistra
Du kan sjekke om organisasjonen er registrert i Brønnøysundregistra. Du kan og sjekke om organisasjonen har levert godkjent årsregnskap. Forbrukarombodet tilrår at du ikkje støtter organisasjonar som ikkje er registrerte i Brønnøysundregistra.
Sjekk på Internett
Du bør sjekke organisasjonen sine internettsider for å finne ut om organisasjonen virker seriøs og arbeider for ei sak du kunne tenkje deg å støtte. Du kan og søke på Internett for å finne ut om det har vært negativ publisitet rundt organisasjonen i media.
Sjekk med vener og kjente
Det kan være lurt å høyre med vener og kjente om dei støtter ein organisasjon dei er nøgde med og som gir gode tilbakemeldingar på kva pengane går til og kva slags arbeid dei gjer.
Kva gjer du dersom du kjenner deg lurt?
Kontakt Forbrukarombodet
Har du støtta ein organisasjon gjennom kjøp av lodd eller andre produkt, kan du kontakte Forbrukarombodet. Ved slike høve er Forbrukarombodet ansvarleg organ og du kan derfor vende deg til oss. På våre heimesider kan du anten gje oss eit tips, eller levere ein formell klage på organisasjonen.
Kontakt politiet
Dersom organisasjonen du har støtta driv med rein innsamling av pengar, har ikkje Forbrukarombodet høve til å gripe inn mot verksemda. Når ein organisasjon lyg om formålet med innsamlinga, er det straffeloven sine reglar om bedrageri som gjeld. I slike tilfeller bør du ta kontakt med politiet.
Etter straffeloven er det nok at du har blitt forsøkt lurt til å gje pengar på gale premissar. Straffeloven rammer og forsøk på bedrageri. Har du blitt utsatt for dette, råder vi deg til å melde saka til politiet.
Kontakt
Innsamlingskontrollen
Dersom organisasjonen er medlem av Innsamlingskontrollen kan du og ta kontakt direkte med dem. Alle som meiner at ein organisasjon bryt retningslinene til Innsamlingskontrollen kan rette ein klage til styret i Innsamlingskontrollen.
(Kilde: Forbrukerombudet)