Dogmatiske tilhengjarar av fridom

Eigentlig er det ikkje, slik eg kan sjå det, noko forskjell
på korleis Sarah Azmeh Rasmussen argumenterer og korleis
Framstegspartiet med Formann Jensen i spissen argumenterer. Dei
fokuserer båe på den konflikten som dei meiner eksisterer mellom islam
og den såkalla vestlige verda. Den såkalla samanstøyten mellom
sivilisasjonar, eller rettare sagt, med Tariq Ali, samanstøyten mellom
fundamentalistane. Fra båe sider.  

Hijab-debatten har denne
gongen tatt verkelig av. Slik mange av dei politiske kommentatorane i
dei andre avisene og etermedia har sagt og skrive, om dette hadde blitt
gjort på ein annan og meir ryddig måte så hadde me kanskje ikkje fått
denne debatten som i det store og heile har blitt styrt av
Framstegspartiet.

Venstresida har vore fråverande og late dei høgreradikale, dei
framandfiendtlige, dei mørkeblå få ytre sine synspunkt så seie utan
motstand. Utanriksminister Jonas Gahr Støre satt på Redaksjon Ein på
NRK 23. februar 2009 og sa at han er 80 prosent einig med Siv Jensen.
Seinare var partisekretær i Arbeidarpartiet, Martin Kolberg og sa seg
delvis einig med Siv Jensen. Me veit at Arbeidarpartiet har ført ein
innvandringspolitikk som Framstegspartiet har sagt seg nøgd med. Men
kor er Sosialistisk Venstreparti i denne debatten? Kvifor har ikkje
Sosialistisk Venstreparti, dei som meiner at dei er på lag med dei
svake gruppene i samfunnet.  

Meiningsmålingane har vist at
Framstegspartiet har vekse seg større etter at debatten om hijab blussa
opp. No er dei nesten like store som Arbeidarpartiet. Og me veit at
Arbeidarpartiet har ført ein politikk, i alle fall når det gjeld
innvandring, som ligg meir mot høgresida enn venstresida. Kva vil dei
gjere i framtida? Me seier ofte at Framstegspartiet vender kappa etter
vinden. Det kan seiast om fleire parti, for det er kva politikarar gjer
for å vere populære hjå folket som til sjuande og sist skal velje dei
til den fullgode jobben dei kjem til å gjere. Det er få, om nokon,
politikarar som lev opp til sine ideologiske standpunkt. Dei er alle
pragmatikarar, som viser seg fram som ideologiske.

Me veit at Arbeidarpartiet har ført ein innvandringspolitikk som Framstegspartiet har sagt seg nøgd med.

Kven er
eigentlig undertrykt? Er alle kvinner som bruker hijab undertrykte? Og
kvifor er dei det? Fordi dei dekkjer til kroppane sine? Er den nakne
kvinna som prydar gatereklamane frigjort? Er det å kunne posere naken
for eit kamera teikn på fridom? Dei som vil at muslimske kvinner skal
kaste, og kanskje til og med brenne, sine hijab for å frigjere seg
sjølv, argumenterer med at dei blir gjort til objekt, men blir ikkje
dei nakne kvinnene også gjort til objekt? Så kva er då forskjellen på
dei med hijab og dei utan?