- Våre barn vårt felles ansvar - 02.11.2006
- Tvangsekteskap på Sri Lanka - 19.10.2006
- Somalia – et land i uvisshet - 05.10.2006
Politimeister Anstein Gjengedel og byråd Margaret Eckbo (Frp) fronta renovasjonsinnsatsen med justisminister Odd Einar Dørum (V) som liberal bakmann. All tre brukte milde og moderne ord.
Men dessverre var det berre ordbruken som var modernisert. Tidleg på 1970-talet var “lausgjengarane”, dvs. dei fattigaste alkoholikarane definert som fiende. Daverande justisminister Egil Endresen la ikkje fingrane i mellom i Stortinget i 1970:
“Dette klientell bør ikke, fordi om samfunnet viser en tolerant holdning, ha et ubetinget krav på å prege bybildet.(…) Politiet bør ha en viss adgang til å drive litt, hva en kanskje kunne kalle bybildehygiene i så måte.”
Politimeister Gjerde var lojal mot justisministeren og forklarte til Arbeiderbladet kva som var sjølve problemet: “Tidligere holdt løsgjengerne til på løkker og i bakgater. I dag går de åpent fram på Oslos hovedgater og mest beferdede steder”.
Under overskrifta “Parkene må ryddes” følgte Arbeiderbladet opp på leiarplass:
“Disse gruppene er i ferd med å fordrive de gamle, hjelpeløse og svake ut av de grønne lungene i de sentrale byområdene. Også enslige kvinner og mødre med barn er redde for å gå ut i parkene (…) Det er nødvendig å gripe inn med effektive tiltak som igjen kan gjøre friområdene til trygge og fredelige rekreasjonssteder for de menneskene som i første rekke har behov for dem.”
Utover 1970-talet var det skarp konkurranse mellom Oslo Ap og Oslo Høgre om kven som var flinkast til å foreslå “effektive tiltak”. Ein sentral Høgrepolitikar som no er død, sa i 1973 til Aftenposten at: “Det må bankes fast gjennom skole, gjennom hjem og gjennom samfunnets reaksjoner at vi rett og slett ikke vil akseptere disse tilstander lenger. Tvangsarbeide burde være en ypperlig terapi. (…) Vi behøver ikke lage palasser for dem. Ærlige og ordentlige mennesker må i lange perioder finne seg i å bo i arbeidsbrakker, langt fra familie. Det aksepterer vi. Da er det ingen KROM-forening som skriker opp. Når det derimot gjelder dem som går på tvers av samfunnets normer, da skal vi sy puter under dem. (…) Skal vi sikre fremskrittet må vi i tide fjerne det vi kan kalle sanden i maskineriet. Det er dette som er Høyre-politikk”.
Nokre år seinare lanserte Oslo Ap sitt eige “handlingsprogram for å trygge Oslo” og slo mellom anna fast at “overstadig berusede personer skal bort fra gater og parker. Ordenspolitiet skal styrkes.”
Når dette er sagt, er det all grunn til å slå fast det som blir kalla Plata, er eit destruktivt miljø. Eit miljø som er akkurat like destruktivt etter å ha vorti flytta eit par hundre meter. Dette er den mest synlege delen av dei destruktive miljøa som herointrafikken skaper. Plata var viktig for bissnissfolk som organiserer heroinsal. Dei var ikkje der sjølve, men det var praktisk at så mykje omsetning kunne gå føre seg på same plassen. Samtidig skal ein vere klår over at det meste av heorinomsetninga i Oslo går føre seg andre stader. Både i Oslo og i resten av landet har dei som styrer narkohandelen, bygd opp ein finmaska salsorganisasjon. Etter ryddinga av Plata har dei berre tilpassa seg nye forhold.
Det er få av dei som vanka på Plata, som ønskjer å oppretthalde miljøet og alt det negative som følgjer med. Mange ønskjer å kome seg ut av den miserable livsforma som heroinavhengig. Men dei får det ikkje betre om dei må kjøpe heroin i Skippergata eller “på løkker og i bakgater” – for å bruke politimeister Gjerde sitt gamle uttrykk – istadenfor på ein åpen plass med videoovervaking.
Det som manglar mest av alt er målretta og samanhengjande sosialt arbeid retta mot enkeltindivid. Og det er ikkje politiet sitt ansvar. Sosialvesenet må finne ein ny tilnærmingsmåte mot menneske som alt for lenge har vori kasteballar mellom institusjonar, sosialkontor, fengsel, narkolangarar og velmeinande sosialarbeidarar.
Byrådet formulerte kjerna i aksjonsplanen sin tydeleg og gjorde det klart at det ikkje er slik innsats dei vil satse på:
“De som frekventerer sentrumsmiljøene har en selvfølgelig rett til å oppholde seg på offentlige steder i likhet med andre borgere, dersom de ikke besitter, omsetter og bruker narkotiske stoffer. Det må altså gjøres et skille mellom retten til opphold i det offentlige rom, og lovstridig virksomhet”.
Det betyr at dei som bruker ulovleg dop skal nektast adgang til dei delane av sentrum som byrådet ønskjer skal vere ubesudla, plettfrie og vakre. Modellen er sannsynlegvis København. Der har politiet har innført 16 “forbudssoner” i indre by. Kjende narkomane har ikkje lov å ferdast der. Dei får bøter, sjølv om vedkomande er edru og ikkje har eit milligram dop i lommene.
Dette har desentralisert heroinhandelen i København. Men det er ikkje grunn til å tru at handelen er redusert. For dei som synst bybiletet er viktigast, er dette ein bra politikk. Turistar og andre slepp å sjå så mykje av den fornedringa som narkomane levere i kvar dag. Mens fornedringa stort er den same som før.
Med sin nye “aksjon bybildehygiene” tok politimeister Gjengedal på seg oppgåva med å fjerne dei mest synlege spora etter mange år med sosialpolitiske forsømingar frå dei som styrer Oslo. Han har i ettertid vedgått at han vart feilinformert av byrådet. Gjengedal trudde på det byråd Eckbo opplyste om at det var oppretta nye “tilbod” der dei narkomane på Plata kunne vere når dei vart jaga vekk. Det kan verke ryddig når han i ettertid vedgår at han vart lurt av byrådet.
Men Gjengedal burde sagt nei-takk til å jage narkomane frå Plata og til Skippergata, og istaden haldi fast på at politiet si viktigaste oppgåve på narkotikafeltet, er å skjerpe innsatsen mot dei store aktørane som organiserer narkotikaimporten. På dette feltet er politiet dyktigare enn dei var for 20-30 år sia, og dei politifolka som arbeider på dette området veit betre enn alle oss andre at det meste framleis er ugjort. Å bruke politiressursar på å skjule følgjene av feil sosialpolitikk, er grov sløsing med dei millionane som politimeisteren i Oslo har styringa av.
Bystyret diskuterte “Aksjon bybildehygiene” 22. juni. Bystyret vedtok da tre forslag frå RV som ga H/Frp-byrådet ei anna tilbakemelding enn dei ønskte seg:
For det første vart det vedtatt at “når kommunen etablerer nye boligtiltak for boligløse, skal det ikke være flere enn 20 beboere på hvert sted.” Dernest ba bystyret om “at både kommunens eget hjelpeapparat og det øvrige hjelpeapparatet som er offentlig finansiert, legger om arbeidet slik at en får langt større vekt på individrettet sosialt arbeid rettet mot enkeltpersoner som ønsker å komme seg ut av dagens rusmiljø og over i en bedre tilværelse.” Og til slutt vedtok bystyret at det skal bli “faste ordninger for brukerdeltaking i den videre planlegginga både innenfor de etablerte boligtiltakene og når det gjelder utforminga av nye tiltak overfor de som regnes som å tilhøre rusmiljøene i Sentrum”
Berre H, F og Krf. stemte mot desse vedtaka.
Summen av dette er ein snuoperasjon for rusomsorga i Oslo. Men vedtak i seg sjøl forandrar ikkje dei mest mistrøstige sidene ved hovudstaden. Og slett ikkje når byrådet (H+Frp) som har ansvaret for gjennomføringa, er helt uenig i vedtaka. Men alle som vil slåst mot H/Frp-politikken på rusfeltet og for ein slik snuoperasjon, kan no gjere det med bystyrevedtak i ryggen.