I mars vart Faysal Mohamed Ahmed utsett for det han beskriver som rasisme av forbipasserande under ei fotballtrening. No er han svært misfornøgd med at politiet la vekk saka.
Latest posts by Redaksjonen (see all)
- Utrops utgave 48 – 2024 er ute nå! - 12.12.2024
- Forside av utgave 48-2024 - 12.12.2024
- Utrops utgave 47 – 2024 er ute nå! - 05.12.2024
– Eg er skikkeleg sjokkert. Eg trudde faktisk ikkje det skulle vere mogleg, seier Faysal Mohamed Ahmed (33).
I mars var han på trening med Christiania Ballklubb sitt 4. divisjonslag. To godt vaksne menneske kom forbi og var misnøgd med parkeringa av eit par bilar som stod parkert utanfor garderobeanlegget, som blant anna blei brukt til å frakte utstyr.
Ahmed, som er kjend frå TV 2-serien «Grorud Underdogs», snakka med dei to godt vaksne menneska, og meiner han handterte situasjonen roleg. Då dei to personane var i ferd med å gå, snudde mannen seg og ropte «jævla negere».