
Foto: Privat
Langt igjen til mangfald blir tatt på alvor i akademia, meiner førsteamanuensis Ronald Mayora Synnes.
Latest posts by Redaksjonen (see all)
- Utrops utgave 16 – 2025 er ute nå! - 18.04.2025
- Forside av utgave 16-2025 - 18.04.2025
- Utrops utgave 15 – 2025 er ute nå! - 10.04.2025
– Eg opplever jo at folk blir overraska når det kjem ein «mørkemann» og skal undervise i norsk migrasjonshistorie.
Førsteamanuensis og sosiolog ved Universitetet i Agder (UiA), Ronald Mayora Synnes, er langt frå ukjent med situasjonar der hudfargen hans skuggar for både fag og person.
I eit intervju i Khrono nyleg hevda forskar ved HL-senteret, Mona Abdel-Fadil at mange på universitet, høgskular og institutt har eit sjølvbilde som slett ikkje stemmer med realitetane: