- Fritt-Ords manglende helhetsforståelse - 10.10.2024
- 1500 forfattere samler seg mot bokforbud - 01.08.2024
- Har en løgn ulik valør avhengig av hvem som uttaler den? - 02.05.2024
Knut Aastad Bråten (fødd 1976) er utdanna kulturhistorikar, jobba som redaktør for bladet Syn og Segn. Han er folkemusikar, og spelar langeleik. Han var også fast spaltist i Nationen.
Likestilling og LHBTQ sorterer også under Kulturdepartementet, og Raja får også ansvaret for LHBTQ-politilk.
Hva tenker statssekretæren som selv er åpen homofil om å jobbe for en statsråd som er muslim?
– Dette er ikkje ei problemstilling for verken meg eller statsråden. Eg omgjev meg med alle slags folk – om dei er slik eller slik, om dei trur på det eine eller det andre. Eg ynskjer å møte alle menneske med eit ope sinn. Eg ser fram til å arbeide for Abid Raja, og har ein fin og god tone med statsråden. Vi er både opptekne av rettar og inkludering for alle som på ulike måtar kjenner på utanforskap, om dei er homofile, innvandrarar eller har funksjonsnedsettingar.
Bråten fortel at han sjølv kjem frå kulturlivet at han er utdanna etnolog. Han er særleg oppteken av kulturelle prosessar og møte mellom menneske.
– Eg likar å arbeide med kultur på alle nivå – både styrearbeid og praktisk arbeid. Dei siste åra har eg arbeidd som redaktør i tidsskriftet Syn og Segn, det einaste tidsskriftet i landet på nynorsk. Eg har eit hjarte for språket, for kulturarven og for mediepolitikken. Som statssekretær kjem eg til å arbeide for den breie kulturen, for heile spekteret av kulturelle ytringar. Det ser eg fram til, fortel han.
Hva slags forventninger har statssekretæren til Raja på LHBTQ-feltet, spesielt homofile muslimer som streber for aksept?
– Eg jobbar saman med statsråden og har såleils like høge forventingar til meg sjølv. Å jobbe med LHBTIQ-feltet ser eg fram til. Å elske den man vil er ein menneskerett, men fortsatt ingen sjølvfølgje. Å jobbe for rettar på dette feltet er ein viktig oppgåve å ta fatt på, både her heime og internasjonalt. Noreg må gå fremst og det kjem både statsråden og eg til å jobbe for.