Kilde for denne teksten er Det humanistiske fakultet/UiO.
At nordmenn blir stadig meir fleirspråklege, kjem til syne på sjukeheimar og eldresenter. Arbeidsinnvandrarane som kom til Noreg på 1960- og 1970-talet, er i ferd med å bli gamle.
Men kva skjer med språka hos fleirspråklege som rammast av demens? Når stadig fleire ord fell bort, er det likevel mogleg å bli høyrt, sett og forstått?
– Ifølgje tidlegare forsking kan fleirspråklegheit bli eit problem ved demens, fordi folk begynner å seie ting på morsmålet som andre ikkje forstår. I ein ny studie snur vi dette på hovudet: Fleirspråklegheit er ein ressurs, iallfall for folk med lett eller moderat demens, seier professor Jan Svennevig ved Senter for flerspråklighet, Universitetet i Oslo til Det humanistiske fakultet/UiO.
Valde språk med omhu
Demens er eit sett symptom som opptrer i samband med ulike hjernesjukdomar. Det er vanlegvis eldre som rammast. I Noreg har rundt 70.000 ein demenssjukdom.
– Når fleirspråklege med demens må leite etter ord, er det vanleg å bruke eit anna språk som hjelp. Tidlegare forsking har tyda på at personar med demens hugsar morsmålet best og derfor lettast hentar fram ord derifrå, seier Svennevig.
Han og kollegaene Pernille Hansen, Anne Marie Landmark og Hanne Gram Simonsen har følgt sju personar med moderat demens gjennom intervju, opptak av daglegtale og språktestar. Alle budde i Noreg og hadde norsk som andrespråk. Forskarane sine funn støttar hypotesen om at eldre hugsar morsmålet sitt betre enn andrespråket.
Men forskarane fann også noko anna: Alle dei sju viste ein evne til å forstå kva ord dei kunne bruke for at samtalepartnaren skulle forstå. Det var berre i eit fåtal av tilfella at dei brukte ord frå morsmålet – som var til dømes finsk, japansk eller urdu. Alle kunne engelsk, og langt oftare henta dei inn engelske ord når dei ikkje kom på ordet på norsk.
Ikkje eit sjukdomsteikn
Ein av samtalane mellom norsk-japanske «Koki» (85) og ein heimesjukepleiar handla om ei tube festemiddel for tannprotesar:
Koki: Det er hvit?
Pleiar: Ja, den er hvit.
Koki: Men e jeg vanligvis bruker den eh pink …
Pleiar: Ja pink ikke sant. Det skal jeg ordne i morgen (…)
– Det vi ser her, er at personen framleis har intakt medvitet om kva språk som kan vere tilgjengelege for samtalepartnaren, seier Svennevig.
– I denne typen tilfelle blir det ikkje eit sjukdomsteikn, men derimot ein ressurs, å hente inn ord frå eit anna språk.
Når andre forskarar tidlegare har funne at personar med demens lett tyr til morsmålet i samtalar med andre, kan dette ha å gjere med kor langt framskriden demensen er, ifølgje professoren.
– Det er mogleg at ein begynner å trekkje inn ord frå morsmålet først når ein er sterkt ramma av demens.
Fleirspråklege er vande med å manøvrere i landskap med fleire språk. Mange er migrantar. Ifølgje Svennevig gjev ikkje slike livserfaringar berre språkkunnskap.
– Det kan også styrke den såkalla kontrollfunksjonen i hjernen. Denne styrer evna til å vite kva språk som kan brukast på kva tidspunkt.
Språk eller livserfaring?
Det er mykje som er usikkert om demens og fleirspråklegheit. Nokon forskarar meiner at språkvekslinga gjennom livet kan gje ein slags vaksine mot demens: ikkje ved å hindre sjukdomen, men ved å forseinke symptoma.
Andre meiner derimot at det ikkje er sjølve språkvekslinga som er kjernen, men at det er opplevinga av å bu i ulike samfunn som kan gjere hjernen meir robust.
Forskarane i prosjektet kan ikkje svare på kva som er rett. Men i ein annan studie såg dei at ord som har likskapstrekk på fleire språk ofte hugsast lettare. Slike ord kallast kognatar, og «bicycle» og «sykkel» er eit eksempel. Her ser altså fleirspråklegheita ut til å ha ein direkte effekt på evna til å hugse ord.
– Det er vanleg å gløyme ord som ein bruker sjeldan. Men nokon ord gløymer ein ikkje, fordi dei har likskapspunkt. Dette er ofte lånord, der lagringsprosessen for dei to orda forsterkar kvarandre, seier Svennevig.
Må tenkje gjennom moglegheiter
Han meiner at samtalepartnarar, anten dei er helsearbeidarar eller pårørande, kan tenkje gjennom kva moglegheiter som finst for kommunikasjon med personar med demens. Institusjonar kan med fordel kartlegge dei tilsette og bebuarane sine språkkunnskapar, ifølgje Svennevig.
– Engelsk kan vere eitt språk å bruke. Men mange sjukeheimar har også tilsette som kan andre språk. Kanskje har dei berre avgrensa kunnskapar, men det er ikkje så veldig mykje som skal til.
I tilfelle der den eldre har mista mykje av det norske språket, går det også an å lære seg nokre ord og uttrykk på personens morsmål, foreslår han. Han trur at fordelane er større enn den potensielle forvirringa.
– Nokon kjem så langt at dei nærmast mistar det norske talespråket sitt. Då har ein eit veldig stort kommunikasjonsproblem, og ein er avhengig av at personane rundt utnyttar dei moglegheitene som finst.
Å vise aksept
I samtalen som er sitert lenger oppe i denne saka, bruker den japansk-fødde 85-åringen det engelske ordet «pink». Heimesjukepleiaren gjentar så dette ordet.
Svennevig meiner at dette er eit eksempel til etterfølging.
– I staden for å rette på Koki, viser pleiaren ein aksept for at dette er ein heilt ok måte å snakke på.
Han oppmodar folk til å vere medvitne på at kommunikasjon handlar om å få uttrykt ei meining.
– Dette kan gjerast på så mange måtar. Ein kan veksle mellom språk, ein kan bruke gestar. Deltakarane i vår studie var også gode til å forklare ting på andre måtar, eller dei appellerte til samtalepartnaren for å få hjelp.
I slike tilfelle bør samtalepartnaren hjelpe til, meiner han.
– Kommunikasjon er ikkje berre ein einmannsaktivitet. Det er eit samarbeid.
Les om prosjektet: Flerspråklig demens: Språk og kommunikasjon hos flerspråklige med demens i Norge