Klargjering av vilkåra for asyl

Vurderinga av kven som er flyktning skal vere alders- og kjønnssensitiv, for å sikre at kvinner og barn har like stor sjanse som menn til å bli rekna som flyktning. Dei nye reglane skal sikre likebehandling ved at praksis blir meir einsarta. Reglane gir rettleiing for korleis forvaltninga skal tolke flyktningkonvensjonen.

Siktemålet er at kvaliteten på saksbehandlinga i asylsaker skal bli betre ved desse reglane. Reglane kan òg føre til raskare og meir effektiv saksbehandling.

Utlendingslova definerer ein flyktning på same måten som flyktningkonvensjonen gjer det, ved at lova viser til flyktningdefinisjonen i flyktningkonvensjonen. Ut over dette er ikkje dei nærmare vilkåra for å få asyl regulert i lov eller forskrift. – Desse vilkåra er så vesentlege at dei bør gå fram av regelverket. Eg ser dette som eit viktig tiltak for å styrke rettsvernet for flyktningar, seier kommunal- og regionalminister Erna Solberg.

Kommunal- og regionaldepartementet kan bare instruere Utlendingsdirektoratet og Utlendingsnemnda om lovtolking og skjønnsutøving ved å endre utlendingslova eller utlendingsforskrifta. Ein lovheimel til å gi utfyllande reglar om dette i forskrift blei vedteke av Stortinget i fjor sommar. Bakgrunnen var eit behov for klarare og meir synlege reglar om kven som skal reknast som flyktning etter utlendingslova og ha rett til asyl i Noreg. Omsynet bak forslaget til nye forskriftsreglar er å klargjere dagens praksis.

I arbeidet med dei nye forskriftsreglane har departementet vore i dialog med mellom anna Amnesty International, NOAS, Flyktningrådet og Universitetet i Oslo.

Lovutvalet som skal foreslå ny utlendingslov, har mandat til å foreta ei meir gjennomgripande vurdering av kven som bør ha rett på asyl. Utvalet skal etter planen ha sluttført arbeidet innan utgangen av dette året.

Kommunal- og regionaldepartementet foreslår òg enkelte andre endringar i utlendingsforskrifta, mellom anna å synleggjere at kvinner og menn skal behandlast likt når dei søker asyl. Vidare er det forslag om at overføringsflyktningar kan få status som flyktning, og dermed asyl, samstundes som dei får innreiseløyve til Noreg.