Forslag om skjerping av reglane for utvising

– Det er viktig å gi eit klart signal om at kriminalitet ikkje blir tolerert, seier kommunalminister Erna Solberg.

Den nedre strafferamma for utvising av utlendingar som har arbeids- og opphaldsløyve, er foreslått senka frå fengselsstraff i meir enn eit år, til fengselsstraff i seks månader eller meir. For utlendingar som har busettingsløyve (varig opphaldsløyve) eller som fyller vilkåra for å få slik løyve, er det foreslått at den nedre strafferamma for utvising blir senka frå fengselsstraff i tre år eller meir, til to år eller meir.

Forslaget er ei oppfølging av rapporten ”Om trusler og alvorlig kriminalitet, særlig familievold og annen grov vold” som blei lagt fram av ei arbeidsgruppe 16. mai 2002.

Forslaget får ikkje berre konsekvensar for utlendingar som er dømde for truslar og familievald, men vil gjelde generelt for alle straffbare handlingar utlendingane blir dømde for.

Høringsbrevet finn du her: Forslag om skjerping av reglane for utvising