Dette er eitt av råda forfattar Loveleen Rihel Brenna.
God integrering handlar først og fremst om inkludering. Vegen å gå er først å sjå på alle likskapane før vi går mot forskjellane. Som menneske har vi same biologiske behova. Vi må respektere det same lovverket, og vi har dei same rettane. Det er mykje meir som er likt enn som skil. Du er til dømes ikkje asylsøkjar når du handlar i butikken. Då er du ein kunde.