I følgje Dublin-konvensjonen skal ein flyktning søkje asyl i det første trygge landet han kjem til, eller i det landet i Schengen-området han hadde visum til. Med heimel i denne konvensjonen nektar UDI asylsøkjarar å søkje asyl i Noreg, og sender dei tilbake til landet der dei først vart registrerte.
Dublin-konvensjonen trugar menneskerettane til folk som søkjer asyl i europeiske land. Årsaka er at landa har svært ulik asylpraksis, seier Morten Tjessem, leiar i Noas, Norsk organisasjon for asylsøkjarar. ‘
Slik konvensjonen fungerer i dag, kan to personar frå same land og same situasjon få ulikt svar på asylsøknaden sin, dersom dei blir registrerte i kvar sitt europeiske land, seier han til avisa Dagen.
Også Ragna Vikøren, jurist i Flyktningerådet, meiner det er eit problem at europeiske land har ulik asyl-praksis.
Utfordringa er å få ei felles tolking av kva som er trygge område å returnere til, seier ho.