Regjeringa vil at Noreg skal slutte seg til EUs arbeid mot diskriminering på grunnlag av etnisk opphav, religion eller tru, funksjonshemming, alder eller seksuell legning. Noreg har arbeidd i fleire år for å få EUs handlingsprogram mot diskriminering med i EØS-avtalen. I statsråd i dag vart det lagt fram ein stortingsproposisjon om dette.
Innlemming av EUs handlingsprogram mot diskriminering i EØS-avtalen inneber at norske organisasjonar, institusjonar og myndigheitsorgan no kan søkje om pengestøtte frå EU til prosjekt som skal kjempe mot diskriminering på grunnlag av etnisk opphav1 , religion eller tru, funksjonshemming, alder eller seksuell legning.
EUs handlingsprogram for åra 2001 – 2006 er ei stor satsing, med kostnadsramme på over 800 millionar kroner. Frå norsk side skal Sosialdepartementet, Kommunal- og regionaldepartementet og Arbeids- og administrasjonsdepartementet yte pengar til programmet.
Med atterhald om Stortingets godkjenning, legg Regjeringa opp til at Noreg skal delta i programmet frå 1.1.2004.
-Handlingsprogrammet i EU er ei viktig satsing for eit inkluderande samfunn. No kan vi utveksle røynsler og lære av kvarandre, seier sosialminister Ingjerd Schou.
-Eg er glad Noregs deltaking no blir realisert. Det er heilt i tråd med norsk satsing på tiltak mot rasisme og diskriminering, seier kommunal- og regionalminister Erna Solberg.
Mer informasjon om støtteordningen:
Eurodesk / Majoran Vivekananthan
22 24 20 11