Felles ombod mot diskriminering

Det nye ombodet skal handheve likestillingslova og ei ny lov mot etnisk diskriminering som blir fremja i løpet av året.

Ombodet skal vere ein pådrivar i arbeidet for etnisk likestilling og likestilling mellom kjønna, og skal blant anna kunne tilby konkret rettleiing til arbeidsgivarar om korleis dei kan arbeide for å styrkje likestillinga i eiga verksemd.

– Alle former for diskriminering og metodar for å kjempe mot desse har fellestrekk, uavhengig av grunnlaget for diskrimineringa. Ei samla organisering av statleg ikkje-diskriminerings- og likestillingsarbeid legg derfor til rette for ei heilskapleg tenking og kompetanseoverføring. Dette vil styrkje fagfeltet, seier kommunal- og regionalminister Erna Solberg og barne- og familieminister Laila Dåvøy, som saman står bak forslaget.

– Den nye organiseringa vil gi eit breiare og meir robust fagmiljø. Det er viktig å byggje vidare på det handhevingsapparatet og den pådriverrolla som er etablert ved SMED, Likestillingsombodet og Likestillingssenteret, understrekar barne- og familieminister Laila Dåvøy.

– Eit samla handhevingsapparat innfrir behovet til brukarane på området på ein betre måte. Det vil gi eit betre utgangspunkt for å fremje mangfald og handtere samansett diskrimineringsproblematikk, påpeiker kommunal- og regionalminister Erna Solberg.

På sikt kan det vere aktuelt å leggje arbeidet med andre diskrimineringsgrunnlag til det nye ombodet. Eit regjeringsnedsett utval arbeider med eit forslag til rettsleg vern mot diskriminering av funksjonshemma. Arbeids- og administrasjonsdepartementet greier ut om handheving av føresegna i arbeidsmiljølova om diskriminering i arbeidslivet kan leggjast til det nye ombodet.

Det nye ombodet blir etter planen etablert frå 1. januar 2006 og skal administrativt sortere under Barne- og familiedepartementet, som også har fagleg ansvar for likestillingslova og den statlege likestillingspolitikken. Kommunal- og regionaldepartementet skal framleis vere fagdepartement for arbeidet med etnisk likestilling og lov mot etnisk diskriminering.

(Kilde: KRD)