Rett og plikt til opplæring i norsk

– Føremålet med ordninga er at innvandrarane skal kunne ta større del i samfunnet, seier kommunal- og regionalminister Erna Solberg. – Evna til å bruke språket skriftleg og munnleg er avgjerande for å kunne ta aktivt del i samfunnet, og for å kunne skaffe seg informasjon og for at ein skal kunne få seg arbeid og skal kunne forsørgje seg sjølv.

– Å leggje til rette for at innvandrarane lærer språket er også viktig for at samfunnet skal få del i ressursar og erfaringar dei har med seg. Det er ikkje minst viktig at både far og mor meistrar norsk og har kjennskap til det norske samfunnet for at dei skal kunne følgje opp skolegangen til barna og fylle si rolle som foreldre i Noreg, seier Solberg.

Opplæringa i norsk og samfunnskunnskap blir gjort obligatorisk. Det vil seie at innvandrarar må ta del i minimum 300 timar med opplæring i norsk og samfunnsfag. Av dette skal 50 timar vere opplæring i samfunnskunnskap på eit språk innvandraren forstår. Personar mellom 18 og 55 år som har opphaldsgrunnlag som gir grunnlag for busetjingsløyve etter utlendingslova, får plikt til å ta del i opplæringa. Dette gjeld personar som har fått asyl, overføringsflyktningar, personar med opphaldsløyve av humanitære grunnar og personar som kjem i familiesameining med desse.

Opplæringa skal vere gratis og innvandrarane må sjølve krevje opplæring frå kommunen. Arbeidsinnvandrarar som ikkje er frå EØS/EFTA-området, og personar som kjem til landet for å sameinast med desse, har plikt til å delta i opplæringa, men har ingen rett til gratis opplæring. Dei må sjølve betale for norskopplæringa, eventuelt kan arbeidsgjevaren deira gjere det.

Kommunane har plikt til å tilby opplæring til dei som ordninga gjeld for. Innvandrarane må kunne vise at dei har teke del i opplæringa når dei vil søkje busetjingsløyve (permanent opphaldsløyve) i Noreg. Det same gjeld for statsborgarskap. Kan innvandrarar ikkje vise at dei har teke del i opplæringa eller at dei kan språket godt, får dei ikkje busetjingsløyve (permanent opphaldsløyve) i Noreg. Dei 300 timane må fullførast i løpet av tre år.

Dei som treng meir opplæring i norsk enn dei 300 timane som er obligatoriske, kan søkje kommunen om det. Dei kan få opplæring til dei har nok kunnskapar i norsk, men maksimum 2 700 timar. All opplæringa må fullførast i løpet av fem år.

Dei nye reglane er tekne inn i introduksjonslova. Regjeringa tek sikte på at reglane skal gjelde frå 1. januar 2005.

– Dette er del av ei stor reform for nykomne innvandrarar som vi no fullfører. Til hausten kjem ein ny læreplan for opplæringa, og ei ny ordning for finansiering kjem vi attende til i samband med statsbudsjettet for 2005, seier Erna Solberg.