Kartlegging og oppfølging av barns språkutvikling


Blant anna gjennom å kartleggje språket til barn i to- eller fire-årsalderen ved helsestasjonar eller i barnehagar. Prosjektet er ei oppfølging av regjeringa sin handlingsplan for å auke deltakinga i samfunnet for barn og unge med innvandrarbakgrunn.

Meistrar ikkje norsk ved skulestart

Det har vist seg at mange minoritetsspråklege barn, også blant dei som er fødde i Noreg, ikkje meistrar norsk når dei begynner på skolen. Norskkunnskapar er ein føresetnad for at barna skal kunne følgje opplæringa i skolen, og for at dei skal kunne delta aktivt i det norske samfunnet. Då det kan ta fleire år å oppnå god språkforståing på eit anna språk enn morsmålet, er det viktig å setje i gang nødvendige tiltak tidlegast mogeleg.

Bydel Grorud har sidan 1999 kartlagt språket hos alle to- og fire-åringar på helsestasjonen med SATS til kartlegging av to-åringar og SPRÅK 4 til kartlegging av fire-åringar. Ein tverrfagleg tiltakskjede har gitt støtte til barn og foreldre.

Utvida samarbeid

Konklusjonen var at kartlegginga på helsestasjonen utvikla helsesystrene sin kompetanse til å vurdere barna sitt språk, og førte til utvida og betre samarbeid med foreldre og andre instansar om aktuelle tiltak.

Det er mest positive tilbakemeldingar om opplæringa både når det gjeld formidlinga og demonstrasjonen på korleis arbeidet kan utførast. Det blei sett på som svært positivt at opplæringa både skjedde i faggrupper (helsesystrer og pedagogar for seg) og i tverrfaglege grupper. Samarbeidet har blitt vidareutvikla, og det har blitt større interesse for tverrfagleg arbeid. Det har vore stor interesse for utviklinga av det tverrfaglege samarbeidet som sikrar ein samanhengande tiltakskjede.

Drammen kommune fekk midlar til å spreie og vidareutvikle erfaringane sine på tiltakssida etter å ha brukt SATS og SPRÅK 4. Drammen har sidan 2001 kartlagt korleis to-åringane snakkar morsmålet, både tospråklege barn og etnisk norske barn.

Foreldrerettleiing

Drammen har utvikla eit program for foreldrerettleiing som skal setjast i verk i år. Programmet er bygt opp om omgrep som familien min, dyr, mat osv. Rettleiar og foreldre skal saman velje ut kva delar av programmet som passar best for den aktuelle familien ut frå kunnskapsnivået til barna. Til stønad for denne arbeidsmetodikken blir utstyrspakkar brukte med pedagogisk materiell. Utstyret skal vere tilgjengeleg for rettleiarane slik at det kan lånast ut til foreldra ut frå kva den enkelte familien arbeider med.

I rapporten frå Drammen kommune blir det peikt på at den største utfordringa er å finne tiltak for dei barna der foreldra ikkje ønskjer barnehageplass, men også for desse familiane blir det lagt til rette for eit samarbeid mellom helsestasjon og barnehage for råd og rettleiing og ny og eventuell djupare kartlegging.

Kommunal- og regionaldepartementet vurderer no vidareføring av prosjektet i regi av Grorud bydel og Drammen kommune for at andre kommunar enn dei som har vore involverte til no, skal få tilbod om opplæring, rettleiing og informasjon.