– Vi tolererer ikkje diskriminering

Lova skal gjelde på alle samfunnsområde. Både direkte og indirekte diskriminering på grunn av etnisitet, nasjonalt opphav, avstamming, hudfarge, språk, religion og livssyn, blir no forbode. Vidare er det forbode å trakassere og å instruere andre om å diskriminere eller trakassere. Det blir også forbode å medverke til diskriminering.

— Dette lovforslaget vil sikre eit heilskapleg vern mot diskriminering på grunn av etnisitet og religion, seier Solberg.

Prinsippet om delt provsbyrde er nedfelt i lova. Loven innfører også reaksjonar ved brot på forbodet i form av oppreisning og erstatning.

Regjeringa foreslår at FNs rasediskrimineringskonvensjon skal innarbeidast i norsk lov gjennom innlemming i diskrimineringslova. Konvensjonen får dermed ei styrkt stilling i norsk rett, samtidig som innlemminga venteleg gir ein sterk signaleffekt både nasjonalt og internasjonalt.

I straffelova bør det markerast tydelegare at rasistiske ytringar med kvalifisert krenkjande verknad er uakseptabelt. Regjeringa foreslår derfor ei skjerping av straffelova § 135 a (den såkalla rasismeparagrafen). Diskriminering som blir gjort av fleire i fellesskap, anten i lause grupper eller i meir organiserte former, er særleg skadeleg. Diskrimineringslova får derfor ei eiga straffeføresegn for diskriminering gjort av fleire personar i fellesskap.

Statsråd Erna Solberg peikar også på kor viktig det er at den nye lova får eit effektivt apparat som kan følgje opp, gjennom det nye Likestillings- og diskrimineringsombodet og Likestillings- og diskrimineringsnemnda etter mønster frå dagens likestillingsapparat. Det nye ombodet får både pådrivar- og tilsynsoppgåver knytte til den nye lova. Barne- og familiedepartementet fremmer i dag forslag om ei eiga diskrimineringsombodslov.