I Sædbanken i Helse Fonna finst det berre sæd frå ein ikkje-etnisk nordmann – så langt.
– Så langt har vi ikkje hatt etterspørsel etter slike donorar. Men det er vanskelegare å rekruttere til dømes muslimske og asiatiske menn, og vi har lenge tenkt på å oppsøke slike miljø, seier overlege Jon Hausken ved Kvinneklinikken i Haugesund til BT.
No treng Sædbanken påfyll. I går annonserte banken etter fleire friske menn i alderen 25-45 år.
– I Blodbanken kan du vere gjevar heile livet. Sædgjevar er du berre éin gong, seier Hausken.