Enklare innkvarteringsreglar etter avslag på asyl

– Etter endringane vil det mellom anna gå fram av lova at vedtaket om bortfall av butilbod kan effektuerast av namsmannen, dersom vedtaket ikkje blir etterlevd, seier arbeids- og inkluderingsminister Bjarne Håkon Hanssen. Det vil gje ei meir effektiv bortfallsordning.

I tillegg går det fram av utlendingslova at alle som søkjer asyl i Noreg skal få tilbod om innkvartering i eit asylmottak så lenge søknaden er til behandling. Dette er i tråd med langvarig og fast praksis. Av omsyn til heilheta blir det også lovfesta at dei som har fått avslag på søknad om asyl kan få tilbod om innkvartering inntil utreise skjer. Regjeringa har tidlegare bestemt at eit ventemottak med adgangskontroll skal opprettast for dei som mister butilbodet i ordinære mottak.

– Med desse lovendringane på plass vil vi få ei ryddigare utlendingslov, samstundes som bortfallsordninga blir enklare å praktisere, seier arbeids- og inkluderingsministeren.