- Skriv om Norge sine gode sider! - 30.05.2014
Eg har no lese Utrop i nokon års tid, og synest de er flinke til å få fram ulike stemmer. Eg synest de kanskje burde hatt inn norske stemmer i bladet jamnare, sjølv om det er artig å lese skråblikk på Noreg frå folk med utanlandsk bakgrunn. Eg lærer stadig noko nytt.
Norge ikkje som før
Eg har, som dykk, fokusert på individet, og ikkje på eigenskapane ved storsamfunnet. Sjølvsagt er det lettare å integrere seg i USA, det har jo historie som ”the melting pot”. Norge er eit veldig ungt fleirkulturelt samfunn, og folka som bur her er i ulike stadier; somme er naive born, somme er i puberteten, andre har eit meir avklara syn på ”det nye Norge”. Mange er i ein sorgprosess, fordi Norge ikkje er som før, folk blir frustrerte osv. Eg trur det er viktig at folk for sagt det dei meinar – slik at det ikkje blir som ein kjele med attskruvd lokk som til slutt eksploderer. Når folk får sagt sitt (truslar m.m. er sjølvsagt uakseptabelt) er det mogleg å kome med motargument, og diskusjonen kan bli konstruktiv.
Ein annan ting er at det er lett for Utrop og andre medier å berre fokusere på problem og ikkje på alt som er positivt ved Norge generelt og integreringsarbeidet spesielt. Her bør de vere litt obs, sist eg las Utrop blei eg berre deprimert. Eg las i A-Magasinet kva Nina frå Polen sa om at vi nordmenn bør bli flinkare til å fokusere på kva som er positivt ved Norge – slik at folk får lyst til å bli norske / til å bli integrerte. Ho meinte vi underkommuniserte, og at ho personleg fekk denne integreringslysta etter å ha oppdaga norsk historie. I tillegg er sjølvsagt andre eigenskapar ved norsk kultur og samfunn viktig.
Forklare Norge
Difor tenkte eg å utfordre dykk i Utrop på dette: Å fokusere på ein positiv ting ved Norge, anten kuturelt, historisk eller samfunnsmessig kvar veke. Til dømes Hamsun, Ibsen, Kardemomme by, utviklinga av velferdsstaten, pietismen, arbeiderrørsla, målsaken, avholdsrørsla, nasjonalromantiske måleri (Tiedeman og Gude), moderne måleri (Odd Nerdrum, høstutstillingen), skirørsla, osv. Alt eg ramsa opp her er kanskje ikkje berre positivt, men er med å forklare kvifor Norge er som det er – historia er lang og det er nok å syne fram. Blant anna fortalde Nina at ho brukte to år på utvikle frykt for å bli tatt på bussen utan billett – fordi i Polen var det folkesport å snyte den ”korrupte regjeringa”. Slike ting er interessant, synest eg.
Eg er såvidt over ”puberteten” etter å ha vore veldig naiv. Ein forstår etter kvar at det er veldig mange grunner for å kome til Norge – og difor veldig mange ulike syn på Norge blant utlendingar (og dette påverkar evna til å bli integrert). Sjølv har eg ei venninne frå Sveits som er med i ei sveitserforening som møtes nokre gonger i året. Ho er så lei av at folk pratar om alt som er så mykje betre i Sveits: ”Kvifor flytter de ikkje berre tilbake!” har ho lyst skrike til dei. Ho seier det er stor forskjell på ho sjølv, som fyrst valde Norge før mannen, og mange av dei andre, som fann seg mannen fyrst (forelska seg), og måtte ta landet (Norge) på kjøpet.
Vondt i hjertet
Eg skulle ha skrive til dykk før, for det er mykje eg reagerer på, blant anna hadde de ein kvinneleg spaltist som skreiv mykje om alt ho tenkte om dei som sat på bussen, i tillegg til at ho høyrde alt det stygge folk sa om kvarandre. Eg fekk heilt vondt i hjertet av å lese det og vona det skulle kome ein god konklusjon til slutt. Dessverre fann eg ikkje denne. Det er utruleg øydeleggjande å snakke stygt om andre, og det er trist når folk dømmer andre berre på det dei har på seg. Det er viktig å fokusere på ord som ”å ta alt i beste meining” og ”tro ikke alt du hører, si ikke alt du vet – da sparer du mange bører på sinn og samvittighet”. Baksnakking er så øydeleggjande – og umogleg å forsvare seg mot (for den det gjeld). Difor er det opp til oss andre å få stoppa dette snakket, og forsvare den det gjeld.
Mange er i ein sorgprosess, fordi Norge ikkje er som før.
Å ta alt i beste meining er til dømes å sjå på hijab-brenninga som ei støtteerklæring til alle som har valt å ikkje bruke dette plagget, og ikkje berre eit angrep på dei som brukar det. Sara fortalde nokså grundig på førehand om kvifor ho gjorde dette (i Aftenposten) – ho samanlikna seg med dei som brende bh-ane sine eller skjørta sine.
Ei ny tid
Likestilling er nytt i Norge, eine bestemor mi (Ingrid fødd i 1909) gjekk aldri i anna enn skjørt, ho tok aldri førarkort og da bestefar smurte ei brødskive til syster mi (han var da 74 år) sa han at det var fyrste gong han smurte på ei brødskive til eit born (han hadde da 5 born og 13 barnebarn). Den andre bestemor mi (Ågot fødd i 1907) gjekk derimot nesten berre i bukser, køyrde folkevogn og var skulestyrar allereie i 1950. Dei levde i ei brytningstid, og vi lever framleis i ei brytningstid.