Framandspråklege med afasi må testas på fleire språk

Meir enn 5000 vaksne blir årleg råka av afasi i Noreg. Behandling av afasi starter med testing for å få ein oversikt over språkvansken.
Foto: Scanstockphoto
Hos fleirspråklege som får afasi, kan behandling på berre eitt språk føre til betring av dei andre språka. Ved behandlingsstart er det likevel viktig å teste alle språka for å få eit korrekt bilete av språkvanskane.  

Eit hjerneslag fører ofte til afasi, som er svikt i evna til å bruke og forstå ord. Meir enn 5000 vaksne blir årleg råka av afasi i Noreg.

Afasi artar seg på ulike måtar, men mange har til dømes problem med å finne ord eller skilje mellom ja og nei. Hjernen reparerer seg til ein viss grad sjølv, men hjelp frå logoped er likevel viktig for å betre språket.

Behandling av afasi starter med testing for å få ein oversikt over språkvansken. Forsking viser no at det ikkje er nok å teste berre på norsk viss ein person dagleg snakkar fleire språk. Likevel er dette mest vanleg når den afasiråka kjem til logopeden.

– Vi må teste på alle språk for å finne ut kva for nokre språkmodalitetar som er råka, og i kva for eit omfang; forstå, snakke, lese og skrive. Det er nemleg ikkje gitt at alle språka er like hardt ramma av afasien, sjølv om dette er tilfelle hos dei fleste, seier logoped og seniorrådgjevar Monica Knoph i Statped.

Fekk ulike resultat med norsk og farsi
I haust disputerte ho med ein doktorgrad om fleirspråklege og afasi ved MultiLing Senter for fleirspråklegheit på Universitetet i Oslo.

– Vi må teste framadspråklege på alle språk for å finne ut kva for nokre språkmodalitetar som er råka, og i kva for eit omfang; forstå, snakke, lese og skrive. Det er nemleg ikkje gitt at alle språka er like hardt ramma av afasien, sjølv om dette er tilfelle hos dei fleste, seier logoped og seniorrådgjevar Monica Knoph i Statped.
Foto : Ram Gupta
I den innleiande kartlegginga nyttar logopeden ein standardisert internasjonal test som er oversett og tilpassa til meir enn 65 språk. The Bilingual Aphasia Test er lett å nytte og gir eit godt innblikk i korleis afasien rammar språkdugleikane til personen med afasi. I forskinga si har Knoph gjort ei kartleggingsstudie der ho testa same person på norsk og farsi.

– Testen ga ulike resultat når eg kartla norsk og farsi. Dette viser at språka har ulik struktur og at dei blir ramma ulikt av afasien. I tillegg var det avvik mellom det testane viste og det som pårørande fortalde om vanskane. Det fortel oss at nærpersonar kan ha feil oppfatning av problemet, seier Knoph.

Under testinga på farsi nytta Knoph tolk. Ho erfarer at det går greitt å nytte tolk, men tolken må både lærast opp i å kommunisere med afasiråka og i å kartlegge.

Behandle på eitt språk
Knoph si forsking viser at å behandle afasi på eitt språk, kan føre til betring også på dei andre språka hos ein fleirspråkleg person. I ein større studie med tre informantar behandla Knoph på norsk, men testa jamleg korleis behandlinga påverka dei andre språka. Informantane snakka høvesvis to, tre og fire språk kvar.

– Informantane blei betre i både norsk og dei andre språka, særleg dei språka som strukturelt er mest like norsk. Å behandle på eitt språk, kan altså føre til betring på dei andre språka. Det ser heller ikkje ut som om dei andre språka tar skade av at behandlinga skjer på eitt språk, seier Knoph og held fram:

– Helsepersonell seier gjerne at fleirspråklege må unngå å snakke morsmålet fordi det kan virke negativt inn på utviklinga av norsk. Dette ser ikkje ut til å stemme, seier Knoph og støttar seg både på eiga og internasjonal forsking.

Ho meiner funna også seier noko om lagring av språk i hjernen.

– Viss eitt språk påverkar eit anna, betyr det at språka må vere bunde saman på ein måte, seier Knoph.

Sjølv om behandling skjer på norsk, er det likevel viktig å ha kunnskap om morsmålet til personen som er råka av afasi. Mellom anna er dette naudsynt for å informere pårørande om korleis dei kan legge til rette for god kommunikasjon med personen.

– Personar med afasi treng ofte tilrettelegging. Viss han har problem med å forstå, kan pårørande skrive ned stikkord undervegs i samtalen. Om han blandar ja og nei, må pårørande gjere grep for å sikre seg at orda blir forstått riktig, seier Knoph.

Behandle på eit framandspråk
I forskinga si har Knoph også testa å behandle på eit framandspråk. Ho behandla sjølv ein mann med afasi på engelsk, eit framandspråk dei hadde felles. Behandlinga ga gode resultat. Knoph oppmodar difor andre logopedar til å nytte eit felles framandspråk for afasiråka som ikkje kan norsk.

– Det er ikkje ideelt å behandle på eit framandspråk, men utan dette hadde ikkje personen fått hjelp. Ein kan gjere større skade ved ikkje å behandle enn å behandle på eit anna språk, seier Knoph.

Personen snakka arabisk, tysk og engelsk og kom til Noreg for å jobbe. Etter berre tre månader blei han råka av slag. Han kunne ikkje norsk og fekk ikkje oppfølging av logoped. Etter tre år hamna han hos Knoph, som ville prøve å behandle mannen på eit felles framandspråk.

– Både engelsken og arabisken blei betre, ifølge familien og formelle testar. Før behandlinga mangla han strategiar for å finne ord. Difor ga han berre opp når han ikkje fann orda. Med behandling blei han betre på ordleiting og lærte seg strategiar for å halde fram når han sto fast, fortel Knoph og held fram:

– Dette viser at å behandle på eit felles andrespråk er ein mogleg metode for logopedar.

Viktig å vektlegge verb
Knoph har undersøkt effekten av å legge vekt på verb i behandlinga av afasi. Det er til no forska mest på bruk av substantiv i behandlinga av afasiråka, men Knoph har i studiane sine systematisk forsøkt å hjelpe afasiråka til å bruke verb meir.

– Mange med afasi har problem med å forstå og finne verb. Viss dei blir flinkare til å bruke verb, blir dei også flinkare til å bruke heile setningar. Eg foreslår difor at logopedar bør fokusere meir på verb, sjølv om verba er vanskelege for mange med afasi. Verb er rett og slett viktigare for setningsstrukturen enn substantiv, seier Knoph.

Det er mange måtar å trene opp språkevna etter afasi. Treninga blir tilpassa behova og vanskane til den enkelte.

Døme på treningsoppgåver:

  • repetere verb og substantiv som logopeden seier
  • seie kva ein ser på eit bilete
  • finne ord som rimar
  • finne eigenskapar eller trekk ved ord
  • sortere ord i kategoriar
  • matche ord til bilete
  • matche ord til ord
  • definere eller skildre ord
  • finne synonym til ord

Knoph har også sett på effekten av å bruke ulike kartleggingsverktøy undervegs i behandlingar. Erfaringa er at formelle testar bør supplerast med andre former for undersøkingar. Døme på dette er historier og teikneseriar fordi dei avdekker andre språkvanskar enn dei formelle testane.

Vanskeleg å nå dei fleirspråklege
Gjennom forsking og klinisk arbeid erfarer Knoph at det er vanskeleg å få fleirspråklege til å ta imot behandling for afasi. Ho peiker på fleire moglege årsaker, som at det er skambelagt å ha problem med språket, at ein i større grad ordnar problem i familien eller at dei ikkje får nok informasjon om tilbodet.

– Minoritetsgrupper får hjelp i akuttfasen, men forsvinn ofte ut av systemet i oppfølgingsfasen. Det er synd, fordi vi veit at logopedi hjelper, seier Knoph.

Ragnhild Thomsen Thornam er kommunikasjonsrådgiver i Statlig spesialpedagogisk tjeneste (Statped). Artikkkelen ble først publisert på forskning.no. Republisert etter avtale med forfatteren.  

Referansar:

M. I. K. Knoph: Language assessment of a Farsi-Norwegian bilingual speaker with aphasia. Clinical Linguistics & Phonetics, 2011. Sammendrag.

M. I. K. Knoph: Language intervention in Arabic-English bilingual aphasia: A case study. Aphasiology, 2013. Sammendrag.

M. I. N. Knoph, M. Lind, H. G. Simonsen: Semantic Feature Analysis targeting verbs in a quadrilingual speaker with aphasia. Aphasiology, 2015. Sammendrag.

M. I. N. Knoph, H. G. Simonsen, M. Lind, (submitted): Verb production treatment in sentence contexts in fluent and nonfluent multilingual aphasia.

M. I. N. Knoph: Language assessment and therapy for verb-production impairments in multilingual aphasia. Doktoravhandling, Universitetet i Oslo.