- «Den mannen kom med ljå» | Maria Azar - 26.09.2023
- Ikkje min dag | Maria Azar - 11.02.2023
- Eg var 16 år og ville ikkje godta det dei forlangte | Maria Azar - 01.02.2023
I dag, den 1. februar er den internasjonale hijabdagen. Eg stoppar opp, tenkjer, og då kjem 40 års mørke minne til meg. Ein tragedie i livet for ei kvinne som har opplevd å bli tvinga til å bruke hijab. Med all respekt til alle mine medsøstre i dei demokratiske land som velger å bruke hijab. Eg er imot hijab, ærleg talt, men eg er ikkje imot kvinner som trur dei har eit valg og at det valget heiter hijab. Her følgjer ei tidslinje av mitt liv, eg som er 48 år i dag.
Tvinga til å gå med hijab
I 1979 var eg fem år. Prestestyret i Iran kom med løfte om paradis til oss, og eg var eit barn.
I 1980 starta krigen mellom Iran og Irak, som blei forlenga i åtte år på grunn av at den iranske leiaren, Ayatollah Khomeini, ville okkupere heile den islamske verden og stifta eit sjia-imperium. Over to millionar mista livet i desse landa under krigen. Mange blei skadd og lever framleis med fysiske og psykiske skadar.
Eg var seks år, klar for å starte i første klasse. Krig var i mitt hovud ikkje vegen til paradis. Den var frykt og redsle, mange tårer. Eg mista ein del av mine kjente og våre naboar i den krigen, og var redd det var vår tur snart. Me måtte flykta frå sør, der me budde, til Teheran. Og denne jenta i første klasse blei tvinga til å gå med hijab.
Min draum
Ein mørk uniform og ein uvenleg farge på hijaben min. Eg måtte dekkje håret mitt. Kvar dag grein eg før eg gjekk på skulen, for eg skjønte ikkje kva som var problemet med håret mitt som eg måtte dekkje med hijaben. Dei mørke menn og damer ville forberede meg på paradiset. Eg grein og nekta, men foreldra mine hadde ikkje makt eller lov til å høyre mi meining.
På skulen blei eg skremt av sharialovene som lærarane snakka mykje om. Viser du deg håret ditt, blir du kasta i helvete og Allah straffar deg med å henge deg etter håret ditt. Eg var seks år og hadde mareritt kvar natt. Allah hengte meg etter håret over ild, og eg var seks år. Eg blei tenåring, krigen var over, og det var framleis mykje som var ulovleg. Ikkje ta ut håret ditt av hijaben, sa rektoren og læreren til meg. Dei stoppa meg i døra på skulen, eg fekk ikkje lov å gå inn før eg dekka meg godt nok.
Eg blei ungdom, 16 år, framleis forbudt å velje eigne klede. Redsle for dei mørke menn og damer som stoppa meg på gata, dei var sinte på meg og ropte til meg. Eg var 16 år og ville ikkje godta det dei forlangte, men det gjekk ikkje å nekte.
Det var ein draum, å velje det du ville, ein draum å kjenne brisen i håret. Draumen var fridomen.
Ein straffbar kamp
Dei unge jentene som ikkje vart hjernevaska, og meg, vaks opp med den draumen. Draumen om å fritt å kunne seie vår meining og leve som me ville. Men dei mørke og sinte menn og damer ville ikkje gje oss vår fridom.
Eg blei student på universitetet i Teheran. Der var det ei stor hovuddør for gutane og ei lita dør og eit lite rom for oss jentene. Me måtte gå gjennom det lille rommet, der var det nokre damer. Dei sjekka ansiktet mitt, som måtte vere utan sminke. Sjekka hijaben, som måtte vere stram nok. Og sjekka veska mi. Utan sminke, så fekk du lov å gå inn. I pausen mellom to timar, var desse kvinnene og mennene rundt hagen og rundt i klasseromma, for å sjekka oss.
Skulle ein kritisera dette, mista ein i beste fall sjansen til å gå vidare på utdanning. Du blei plassert mot Allah og religion og det var utilgivelig. Straffen var hard. Arrestasjon og pisk. Me unge måtte kjempe for kleda våre og valga våre, og det var straffbart.
Eg blei mor til ei jente
I 1994 var eg 20 år, kritisk til alt som hindra fridomen min, men bar framleis på angsten. Angst og skrekk for dei sinte mennene, for pisking og for å mista moglegheita for utdanning og jobb.
Det fanst ei kvinne, ein helt. Namnet hennar var Homa Darabi. Ho var lektor, lege og psykolog, men nekta å gå med hijab på jobb. Såleis mista ho alle jobbane og fekk straff. I 1994, i Teheran, sette ho fyr på seg sjølv, i protest mot den obligatoriske hijaben. Me som fekk oppleve dette har frå den dagen og fram til no hugsa henne som ei tøff og modig dame.
Me måtte kjempe for vala våre
Eg blei ferdig utdanna i 1994, men tenk kor mykje frykt og angst eg måtte bere med meg. Eg var ikkje tøff eller moden enno, det sa eg ofte til meg sjølv. Derfor kom ikkje fridomen lett, tenkte eg.
Me måtte kjempe for vala våre. Kjempe mot eit religiøst og patriarkalsk system. Tre generasjonar kjempa på sine måtar mot det systemet som ikkje godkjente rettar, din naturlege rett. Dei sinte menn og damer heiter moralpoliti, og dei ser på seg sjølve som Allah sine representantar.
Da eg blei mor til ei jente, lova eg meg sjølv å lære ho å kjempe for sine rettar. For det å leva i eit religiøst diktatur er ikkje eit fullverdig liv, men ein kamp.
Kampen held fram
I 2009 var det store demonstrasjonar i Iran. Dei handla om omfattande juks i presidentvalet, men dei var eigentleg ein protest mot sjølve regimet. Me tok av hijaben i desse dagane, men møtte sjølvsagt vald. Grov vald.
Eit år seinare, i 2010, var eg på ferie i Vest-Iran. Eg tok av meg hijaben og biletet øvst i denne teksten blei tatt. Eg tok av hijaben, for eg ville drøyme i naturen – om litt fridom. Eg møtte moralpolitiet. Eg blei slått av di eg nekta å gå inn i bilen deira, og eg blei arrestert. Det blei ein ettermiddag i varetektsfengsel, og eg måtte skrive under på at det var siste gong eg tar av meg hijaben, ellers ville straffen bli hard. Du er heldig at me er snille med deg, sa den sinte dama til meg.
I 2017 stod Vida Movahed på toppen av ein plattform, i Enghelab-gaten i Teheran, utan hijab og løfte det kvite skjerfet sitt i protest mot tvungen hijab. Og blei dømt til fengsel. Det finst mange som har fått straff i denne kampen.
Og no nylig, i 2022, vart Mahsa Amini drepen då ho vart pågripen av regimet av di ho bar hijab på feil måte. Kampen held fram.
Kampen for dei som blir piska
Det er ein kamp å ta eit val i det religiøse landet, ingen kan forsvare hijab når den ikkje er frivillig. Den er eit sterkt symbol på kvinneundertrykking, eit sterkt symbol på patriarkatet.
Det er ikkje eit val når du blir tvinga til å gjere noko av eit regime eller ein religion.
Eg har full respekt for mine medsøstre som vel hijab i dei frie, demokratiske landa. Men vil dei kjempa for meg som blei piska – eller dei som blir dømt til fengsel eller som vart drepne av di dei ikkje ville bere hijab?
Eg spør: I menneskers samvit, er det rett å ha ein eigen dag i året for hijab? Kvinne, Liv, Fridom er ein dagleg praksis.
Våre leserinnlegg er meningsytringer som gir uttrykk for skribentens holdning. Se her for mer informasjon om hvordan du sender et innlegg til våre debattsider.