Tak over hovudet er ikkje alltid nok. – Vi treng ei ordning for vertsfamiliar/nettverksfamiliar i samarbeid med frivillige organisasjonar og menigheiter når familiar flytter til ein ny kommune, skriver artikkelforfattarane.
Foto: Screenshot, YouTube, «Welcome To Norway» (2016)
Vi må styrke foreldreskapet slik at dei som kjem til Noreg får den kompetansen dei treng for å vere familie i ein ny kultur, skriv Anne Kristin Bruns og Lilly Kristin Langnes i dette innlegget.
Anne Kristin Bruns og Lilly Kristin Langnes
Latest posts by Anne Kristin Bruns og Lilly Kristin Langnes (see all)


Anne Kristin Bruns og Lilly Kristin Langnes

Forsking viser at i møte med velferdsstaten har innvandrarforeldre frykt, ikkje berre overfor barnevernet, men møte med velferdsstaten og det norske synet på barn og barndom (Tembo, 2022). 

Behov for kultursakkyndig i barnevernet

Vi meiner at vi må jobbe med kulturforståing gjennom heile det offentlege tilbodet i barnehage, skole, helsestasjon, barnevern og resten av velferdssamfunnet. Ulike universitet og høgskular har kompetansesenter innan fagfeltet, som vi må gjere oss endå meir nytte av. Eksempel på det er Senter for interkulturell kommunikasjon ved VID vitskapleg høgskule i Stavanger. 

Barnevernet er for mange vanskeleg å forhalda seg til, og forstå. At etaten både har ein hjelpefunksjon, men også er ein kontrollinstans gjer det vanskeleg også for våre nye landsmenn. Oppretting av erfaringsformidlargrupper beståande av foreldre med ein annan kulturell bakgrunn enn norsk kan bidra til gode prosessar for både familien og barnet. Behovet for kultursakyndig i barnevernet er aukande, noko vi meiner vi må vidareutvikle. 

Det offentlege i Norge har ei større rolle

Mange som kjem til Noreg har traumatiske opplevingar både frå heimlandet, men og opplevingar på reisa til eit nytt land. Det er  viktig å ha forståing for at det difor kan vere vanskeleg å etablere seg i eit nytt land. Dette må vi som samfunn ta på alvor og gje tilbod om hjelp til. 

Forståing for kulturen, normer og verdiar kan vere ulikt, og då er det viktig å etablere dialog om dette så tidleg som mogleg. Dialog er avgjerande for at ein skal oppleve seg sett og forstått, og mange er i ein sårbar situasjon og ukjende med å snakke om sine utfordringar. 

Utifrå kjennskap til situasjonen er det mange som opplever at barneoppsedinga  er ei «opptaksprøve» for at ein skal sjå om du klare å gjennomføre denne «prøven».

Manglande forståing for kvarandre, og møte med ein ny kultur, kan gjere dialogen og samarbeidet vanskeleg. Det kan skape unødig frykt for kva som vil skje med familiane og borna som kjem hit. 

Grupper for erfaringskompetanse

Utifrå kjennskap til situasjonen er det mange som opplever at barneoppsedinga  er ei «opptaksprøve» for at ein skal sjå om du klare å gjennomføre denne «prøven». KrF meiner at skal ein klare å vere gode foreldre, må ein forstå kva reglar som gjelder, og få opplæring i korleis det er i Noreg, samtidig få styrke og verktøy til å stå i det.

I KrF vil me:

  • Styrke kunnskap om tru og religion. Det er viktig allmennkunnskap som har stor verdi i ei rekkje yrker i velferdstenestene til dømes innan helse og omsorg, barnevern og skule. Derfor er det naudsynt å gå gjennom retningslinjer og rammeplanar for høgare utdanning som er relevant for desse tenestene for å styrke vekta på dette i desse utdanningane.
  • Vidareutvikle og satse på forsking ved høgskular og universitet, for kompetanseheving og kunnskapsutvikling for kulturforståing /fagleg utvikling i arbeid med familiar med annan kulturell bakgrunn enn norsk i møte med velferdsstaten. 
  • Opprette «Erfaringskompetansegrupper» innanfor det kommunale barnevernet av foreldre som har ulik kulturell bakgrunn og samtidig erfaring med barnevernet.
  • Utdanne kultursakyndige som kan bistå familiar som treng det i møte med barnevernet
  • Opprette traumesenter for barn og foreldre i ulike delar av landet, gjerne i samarbeid med ideell sektor.
  • Etablere ordning av vertsfamiliar/nettverksfamiliar i samarbeid med frivillige organisasjonar og menigheiter når familiar flytter til ny kommune
  • Aarrange foreldrekurs i samanheng med språkopplæring/introduksjonsprogram gjerne i samarbeid med frivillige

Her i landet har det offentlege ei viktig og stor rolle i oppsedinga av born og ungdom – og her har det offentlege ei større rolle i barna sin kvardag enn i mange andre kulturar. Derfor er det naudsynt å styrke nye familiar i landet med alt dei treng av kunnskap.

Våre leserinnlegg er meningsytringer som gir uttrykk for skribentens holdning. Se her for mer informasjon om hvordan du sender et innlegg til våre debattsider.