
Foto: Scanstockphoto.com
- HL-senteret tek alt hat på alvor - 10.04.2025
Eg står igjen med spørsmål etter førre vekes ordskifte om HL-senteret og islamofobi. På den eine sida står Frida Zalissa Koanda og Aisha Iqbal påstår at HL-senteret ikkje brukar nok ressursar på hat mot muslimar og islam, samanlikna med kor mange som har slike holdningar i Norge. Dei «foreslår at senterets brede mandat evalueras». Alexa Døving ved HL-senteret svarar i Aftensposten at islamofobi er eit alvorlig samfunnsproblem og at dei tar det like alvorleg som anna hat mot minoritetar. I same avis svarar Koanda og Iqbal med å trekke HL-senteret sin forskingsintegritet i tvil.
Ut i frå svaret forstår eg at Koanda og Iqbal ikkje er nøgde med svaret frå Døving, men eg forstår ikkje kva dei meiner HL-senter bør gjere annleis.
HL-senteret vart oppretta i 2001 finansiert av det historiske og moralske oppgjeret den norske staten tok for si rolle i den økonomiske likvideringa av norske jødar under den andre verdskrigen. Senteret sin verksemd er altså finansiert av erstatninga til ofra for desse handlingane. «Hovedpillaren til HL- senteret er å drive forsking og formidling om Holocaust» står i vedtektene deira. Det står vidare at «senteret skal studere antisemittismens historie og antisemittisme i dag i tida framover».
Den andre pilaren i HL-senteret sin verksemd er å forska på minoritetars vilkår i Norge, og deira rolle i det fleirkulturelle samfunnet. Det var det jødiske samfunnet i Norge som bad om at det skulle med i senteret sitt mandat. Det er dei som har vore utsett at den norske staten har bidratt til at norske jødar vart arrestert og deportert for 83 år sidan. Det var ein fysisk og økonomisk utsletting av det jødiske folk i Norge.
Innan skoleåret 24/25 er over vil eg ha vore på HL-senteret fire gonger, med religionsklasser frå to forskjellige skoler. Målet for besøket er senterets utstilling U/Synleg kvardagsrasisme i Norge. Det er ei framifrå utstilling som hjelper ungdommar til å sette seg inn i og utforske korleis minoritetar i Norge blir peika ut som ei gruppe utanfor hovudsamfunnet. Utstillinga startar med at minoritetsungdommar, inkludert fleire muslimar, fortel korleis alle dei små dryppa til slutt sett seg i kroppen.
Elevane avsluttar besøket med å snakke saman om kva dei har lært om dei ulike miniritetane i Norge og korleis denne andregjeringa fungerer. Det å støyte nokon ut av fellesskapet er den grunnleggjande mekanismen som driv all diskriminering og rasisme mot minoritetar. Det er ei fare som ungdommar forstår godt. Eg kan ikkje tenke meg ein meir verknadsfull måte å få unge folk til å snakke om eit så alvorleg samfunnsproblem. Men som Døving skriv i sitt innlegg, det er ikkje HL- senteret sin rolle å rangere alvoret i diskriminering og hat mot minoritetar. I staden tar dei fenomena diskrimering og hat med rota, uansett kva minoritet det rammar.
HL-senteret er ein viktig institusjon i kampen mot stoppe diskrimering og rasisme i Norge
HL-senteret er ein viktig institusjon i kampen mot stoppe diskrimering og rasisme i Norge. Deira oppgåve er dokumentere, forske og formidle forskinga. Jobben med å stoppe kvardagsrasismen er vårt felles ansvar.